AGENDA2018-sponsorløp på Strand vgs

Strand vgs. har i fleire år hatt eit internasjonalt hjelpeprosjekt kalla Agenda. I år skal pengane gå til Tanzaniaprosjektets arbeid i ein svært fattig del av Sør-Tanzania. Dette er ein liten organisasjon driven av frivillige ildsjeler, har minimale administrasjonskostnader og er godkjend av Innsamlingskontrollen. Innsamla pengar skal gå til å ruste opp fleire barne- og ungdomsskular i området. Denne skuleopprustinga (toalett, klasserom, bøker, pultar…) vil endre liva til det betre for mange fattige barn, for god utdanning er vegen ut av fattigdom.

Me samlar inn pengar gjennom å skaffe oss sponsorar i eit løp (runde på 0,8 km i 30 min) eller ei styrkeøving (25 metersrunde, 40/30 kg, i 2 min) – og ein kan sponse både deltaking og resultat. Me håpar DU vil bidra!

«Les meir på www.tanzaniaprosjektet.no og www.strandagenda.no

Løpsdagen er fre. 27.04. Det er mogleg å betale inn sponsorbidrag i forkant; kt.nr. 3201.06.17579 eller VIPPS 137094.